onsdag 16. februar 2011

Kommentar til Tz bileter

Heihei!

No har eg altså tilbringt dei siste 3 vekene i Tanzania.
Det var stor stemning å kome tilbake igjen, sjølv om eg berre har vore der på ein snarvisitt på 2 veker. Herleg å kome attende til Arusha, Haydom, Waama, Mbulu, Karatu og Ngorongoro krateret.

Den fyrste veka tok vi det roleg i Arusha, avklimatiserte oss på eit treningssenter fyrste helga. Besøkte kyrkja søndags morgon (07.30), det var ei stor kyrkje! Stakk til slangeparken etterpå, var so heldig å få halde både krokodille og ein liten slange. Så då var det gjort.
I veka hadde vi undervisning med Peri og Kristoffer. Veldig lærerikt og jammen fekk vi bryne oss på å reflektere ein del over viktige verdiar i livet. Laurdagen var det tid for motorsykkeltur (250 kb) med halve gruppa, kjekt å endeleg få prøve mc, sjølv om turen ikkje blei so long for min del :)
Sjekka ut milkshaken på Africafe på søndagen, absolutt godkjend.

Måndagen starta rundreisa med 107 mil på 10 dagar. Køyrde fyrst til Katesh og fekk observere arbeidet til Datooga-folket. Har høyrt mykje om det, so det var ekstra kjekt å få sjå det i praksis!
Onsdag ettermiddag satte vi snuta mot Haydom, det var god stemning i min bil og var imponert over at vegane hadde blitt so forbetra på knapt eit år!
Fekk ta ein titt på farmen, det gav ein god, kjær følelse å få sjå massey ferguson traktora igjen :) Enormt område som skal bli pløygd og diverre er det store tørkeperiodar.
Dagen etterpå var det tur ut i bushen med mor-barn klinikken, veging av babyar og vaksinering.

So på søndagen var det tid for eit besøk attende til Waama. Kjekt å sjå Zaccharia igjen som var rektor på bibelskulen. Reiste inn til Mbulu for å sjå på arbeidet blant Iraqw-folket med språkopplæring, kjekt å bli kjent igjen av Bassillia.
Tysdags morgon starta med "Sala", samling om morgonen med andakt og song. Deretter stilte vi spørsmål til bibelskulelevane om skulegong, om det var vanleg å vere gift av dei på skulen osv. So fekk vi spørsmåla tilbake og dei lo godt då dei høyrde at ingen av oss var gift.

Safaritid!! I grisotta på onsdagen åt vi frukost før vi sette oss i bilane opp mot krateret. Det var faktisk ei løve som gjekk rett på sida av bilen og ei hyene som kom rett mot oss.

Godt å kome heim til Nairobi igjen, sete igjen med mange høgdepunkt og gode opplevingar.
Takk for turen!


"Mine lipper skal jubla
når eg spelar for deg,
mi sjel som du har løyst ut, skal jubla.
Ja, heile dagen skal mi tunge
tala om di rettferd.
For dei som vil meg vondt,
har vorte til spott og spe." Sal. 71, 23-24