onsdag 16. februar 2011

Kommentar til Tz bileter

Heihei!

No har eg altså tilbringt dei siste 3 vekene i Tanzania.
Det var stor stemning å kome tilbake igjen, sjølv om eg berre har vore der på ein snarvisitt på 2 veker. Herleg å kome attende til Arusha, Haydom, Waama, Mbulu, Karatu og Ngorongoro krateret.

Den fyrste veka tok vi det roleg i Arusha, avklimatiserte oss på eit treningssenter fyrste helga. Besøkte kyrkja søndags morgon (07.30), det var ei stor kyrkje! Stakk til slangeparken etterpå, var so heldig å få halde både krokodille og ein liten slange. Så då var det gjort.
I veka hadde vi undervisning med Peri og Kristoffer. Veldig lærerikt og jammen fekk vi bryne oss på å reflektere ein del over viktige verdiar i livet. Laurdagen var det tid for motorsykkeltur (250 kb) med halve gruppa, kjekt å endeleg få prøve mc, sjølv om turen ikkje blei so long for min del :)
Sjekka ut milkshaken på Africafe på søndagen, absolutt godkjend.

Måndagen starta rundreisa med 107 mil på 10 dagar. Køyrde fyrst til Katesh og fekk observere arbeidet til Datooga-folket. Har høyrt mykje om det, so det var ekstra kjekt å få sjå det i praksis!
Onsdag ettermiddag satte vi snuta mot Haydom, det var god stemning i min bil og var imponert over at vegane hadde blitt so forbetra på knapt eit år!
Fekk ta ein titt på farmen, det gav ein god, kjær følelse å få sjå massey ferguson traktora igjen :) Enormt område som skal bli pløygd og diverre er det store tørkeperiodar.
Dagen etterpå var det tur ut i bushen med mor-barn klinikken, veging av babyar og vaksinering.

So på søndagen var det tid for eit besøk attende til Waama. Kjekt å sjå Zaccharia igjen som var rektor på bibelskulen. Reiste inn til Mbulu for å sjå på arbeidet blant Iraqw-folket med språkopplæring, kjekt å bli kjent igjen av Bassillia.
Tysdags morgon starta med "Sala", samling om morgonen med andakt og song. Deretter stilte vi spørsmål til bibelskulelevane om skulegong, om det var vanleg å vere gift av dei på skulen osv. So fekk vi spørsmåla tilbake og dei lo godt då dei høyrde at ingen av oss var gift.

Safaritid!! I grisotta på onsdagen åt vi frukost før vi sette oss i bilane opp mot krateret. Det var faktisk ei løve som gjekk rett på sida av bilen og ei hyene som kom rett mot oss.

Godt å kome heim til Nairobi igjen, sete igjen med mange høgdepunkt og gode opplevingar.
Takk for turen!


"Mine lipper skal jubla
når eg spelar for deg,
mi sjel som du har løyst ut, skal jubla.
Ja, heile dagen skal mi tunge
tala om di rettferd.
For dei som vil meg vondt,
har vorte til spott og spe." Sal. 71, 23-24

mandag 17. januar 2011

Kamelen gjennom nålauget

Det har blitt ein overgong å kome i frå landsbygda og kysten til storbyen, Nairobi.
Blir stadig overraska over gjestfriheita og gleda som eg blir møtt med. Tenkjer spesielt tilbake til
Pokot og helga i Mt.Elgon på ungdomsleir. Karen og eg skulle få dobbeltsenga til ekteparet i huset, medan dei mest sannsynleg sov på golvet ein plass. Det lisje dei har gjev dei hjarteleg til gjestar.


I Voi (3 t. frå kysten), vart eg minna på kor takknemleg ein skal vere for maten som står på bordet.
Som etnisk nordmann anar eg ikkje kva det vil seie at
ein kanskje ikkje har sikra mat til dei neste dagane. Skulle det vere eit bekymringsmoment?
Det er ein realitet, men det må kome ganske nærme på meg før eg skjønar det.
På ein barneheim reiv ei lita jente opp eit ark og åt det rett som det var.
Gate-gutane i slummen sniffar lim for å gløyme kvardagen og svoltfølelsen.

Ja, eg seier dykk: Det er lettare for ein kamel å gå gjennom eit nålauge enn for ein rik å koma inn i Guds rike.» Matt 19,24.



Det er litt som å kome til Europa i det du går inn på kjøpesentera i Nairobi, store og flotte.
Mange gongar blir du ekspedert med ei høfligheitsfrase som "How are you?" med eit smil.
Når du svarar at du har det bra og spør tilbake igjen, er det akkurat som om smilet berre blir hengt opp ned eller reve av.
Materialismen gjer noko med mennesker, spesielt når ein kjem til det punktet ein skal berre ha meir og meir. Men, stadig hastar vidare i livet for å oppnå mest mogleg.
Kva med menneska rundt deg, ikkje berre familie og venar, men folk du treffer på gata og snurrer forbi i full fart?


Soon our work is done,
All of us one by one.
Still we live our lives,
As if all this stuff survives. (Mattafix-Big City Life)

For eg er viss på at verken død eller liv, verken englar eller krefter, verken det som no er, eller det som koma skal, eller noka makt, 39 verken det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning, skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
2.Kor,38-39.

søndag 9. januar 2011

Godt nyttår!




No er ferien vel over, vi skal til på andre veka med undervisning her på nyåret.
På bileta over ser du sunset villa som var boligen våra i julehøgtida, det var fantastisk fint og vi hadde det luksus. Som plomma i egget.
Det øvste bilete er også frå ferien, var på delfinsafari og snorkla i korallrev. Mykje fargerike og gøye fiskar.

Er komen til Voi, det ligg midt mellom kysten og Nairobi. Ein liten by med 60 000 - 80 000 innbyggjarar.
Forrige veke var vi i Msambweni som ligger ved Mombasa.
Her har vi det godt :)

Var på to gudstenester i dag, fyrst på engelsk og deretter swahili. Fekk høyre fine korsong og blåseinstrument og dagens tekst var frå 2.timoteus.
På swahili gudstenesta var vi so heldige å få sjå og høyre eit kenyansk kor, dei song og dansa som berre det. Var utruleg kjekt å få med seg! :)

Håpar dykk har det bra!
Gud signe dykk.

lørdag 11. desember 2010

4 gode veker i Pokot :)

No er vi tilbake i Nairobi etter 4 veker i Pokot, godt å endeleg kome fram etter ein 9 timar longe biltur.
Kjekt å treffe folka igjen på tomta her!
Var rart å reise frå Kapenguria i går, følte meg heime der, men godt å kome hit til Scripture mission også.

Den siste månaden har eg opplevd mykje, inntrykka har pressa på og eg har sett og høyrt mykje. Husmøtet i ei lita jordhytte i Kapenguria står ganske sterkt i minne, var minst 14 stykker inne i den lisje hytta. Der blei vitnesbyrd delt, noko blei oversatt. Skjønte at vi tente den same Gud og det var sterkt å sjå kva Jesus hadde gjort med liva deira. Vi song ilag og halve teft-gruppa som var der framførte nokre songar. Det var so spesielt å vere der!

Var ei helg ved Mt.Elgon, grensa til Uganda. Her var vi litt med på ein ungdomsleir. Karen og eg budde i eit veldig flott jordhus, levde ganske primitivt. Fekk kokt varmt vatn til å vaske meg om morgonen, før vi gjekk opp for å ete frukost. Køyrte til ein nasjonalpark på laurdagen, her fekk vi sjå antilope, sebra, sjiraff og nasehorn på nært hold. Klappa nasehornet, dei er so svære! Kjendest ut som å klappe ein uttørka fot. Kjekt å mate sjiraff!

Gruppa blei delt opp og mi gruppe reiste til Anet, longt oppe i fjellet. Blei forundra monge gongar over at vi kom oss opp med bilen, hadde ikkje gått utan firhjulstrekk iallfall. Var saman med ungdommane som var leiarar der, gjekk to turar med dei. Blei vist eit fantastisk utkikspunkt, såg bort til grensa i Maraqwet. Fekk grøne appelsiner frå ein chamba.
Etter ein tur til og ei stund med venting, blei vi vist der vi skulle sove.

Var i afrikansk bryllaup, tydeleg prega av amerikansk tradisjon. Måtte gå ut av seremonien i kyrkja, for det blei so heitt. Nokre av oss satt på ein benke utafor, plutseleg hadde vi 100 born samla rundt oss i ein runding.

Sist helg delte vi oss igjen og var på ungdomsleir i Poole. Ungdommane lærte om hiv/aids på leiren, det var eit av seminara. Rart at det er so sjølvsagt at dei skal lære om det, men det er kjempeviktig. Monge myter som må bli avklarert!
Den andre gruppa kom til oss frå Kasei om kvelden, då viste vi "Jesusfilmen" på Pokot, det var monge som ikkje hadde sett den før. So det var kjekt å sjå det kom so monge.

I morgo er det siste innspurt på undervisning her på tomta før juleferien.
Håpar dykk har ei fine adventstid og at dykk tek tida til å nyte den!

torsdag 11. november 2010

Pokot neste :)

TeFT-huset som vi bur i på tomta. Under, ein av krabatane vi har hatt besøk av på taket.

Fann kenyas svar på H&M i Noreg, nemleg Mr.Price! Var på Junction saman med Karen og Aina, vi kosa oss på kjøpesenteret og tida flaug som berre det. Rakk kveldsmat og pasjonsjuice på Java :)
Turid informerte oss om Pokot-opphaldet og litt kva vi kan vente oss. Høyrest veldig spanande ut, so no ventar ein 8 timars køyretur.



I morga setter vi nasa mot Pokot. Der skal vi vere i fire veker!
Grunna lite nettdekning, blir det lite med bloggoppdatering.
Kan godt vere at det ikkje blir skrive noko på ein månad.
Skal besøke bibelskulen og misjonstasjonen. Vi skal også få undervisning i
Nehemja, Johannesevangeliet og "Der du er" av misjonærar.
Kjem nok med eit fole longt innlegg om Pokot når vi er tilbake i Nairobi.

Dykk får ha ei fine adventstid og
Gud signe dykk!