torsdag 11. november 2010

Pokot neste :)

TeFT-huset som vi bur i på tomta. Under, ein av krabatane vi har hatt besøk av på taket.

Fann kenyas svar på H&M i Noreg, nemleg Mr.Price! Var på Junction saman med Karen og Aina, vi kosa oss på kjøpesenteret og tida flaug som berre det. Rakk kveldsmat og pasjonsjuice på Java :)
Turid informerte oss om Pokot-opphaldet og litt kva vi kan vente oss. Høyrest veldig spanande ut, so no ventar ein 8 timars køyretur.



I morga setter vi nasa mot Pokot. Der skal vi vere i fire veker!
Grunna lite nettdekning, blir det lite med bloggoppdatering.
Kan godt vere at det ikkje blir skrive noko på ein månad.
Skal besøke bibelskulen og misjonstasjonen. Vi skal også få undervisning i
Nehemja, Johannesevangeliet og "Der du er" av misjonærar.
Kjem nok med eit fole longt innlegg om Pokot når vi er tilbake i Nairobi.

Dykk får ha ei fine adventstid og
Gud signe dykk!

tirsdag 9. november 2010

Moja, mbili, tatu




I går hadde vi siste timane med swahili-kurs, var heilt supert å ha Patrick som lærar!
Skulle lære heilt på tampen kva klokka er og klokkesystemet på swahili. Kunne godt hatt mange fleire timar :)

Her regnar det ein god del, så kleda blir ikkje so fort tørre so ein skulle tru. Men, vi er på veg mot sommar no og regnet er ei velsigning. Det er då det verkeleg blir frodig og fint.

Reiste til Kibera slummen (nest største slummen i Afrika) etter lunsj, besøkte ein skule som var styrt av den lutheranske kyrkja. Borna var i alderen frå 3-8 år. Var godt å sjå at lærarane hadde eit so stort hjarte for elevane sine og at dei verkeleg brydde seg om dei. Fekk leike med dei etter at dei hadde ete lunsj, jammen godt at lærerinna kunne oversette leikar som"Haien kommer", men den blei gjort om litt og blei "Simba is coming" istaden for. Etter utallige forsøk på slå på ringen, kom ein fram til at gøyme og leite var litt lettare. Men, det minte meir om ein spesiell versjon av Bolmegfemtifri. Borna byrja plutseleg å springe fram frå gøymestadane og eg klødde meg i hovudet og skjønte lite. Eine gongen skulle eg gøyme meg med 10 born, du kan no tenkje deg kor bra den gøymeplassen var :)

Smakte quesedillas og yoghurt smoothie på Java House, anbefala Dormans og Java house, gode kaffibarar :)

Blei vist rundt på bruktmarknaden, det var tett i tett med buder som selgde skjørt, kjolar, skjorter, sko, belter, vesker, frukt og leiker. Var som ein liten labyrint, med dammar innimellom. Blei longe diskusjonar om ein skulle få ned prisane på skjørta, so dei var ikkje så lette å prute med.

På fredag reiser vi opp til Pokot, då blir det nok endå mindre blogging der.
Gledar meg til å reise opp dit!

Ha ein fine kveld!

søndag 7. november 2010

More than cunquerors

Laurdagen var det duka for konsert med "The Cunquerors", eller ifylgje planen.
Vi reiste ut til ein kristen internatskule for jenter, med 400 stk.
Her blei vi guida rundt av jentene som gjekk der og fekk vist både klasserom og kontor.

Satt i VIP-teltet under skulefesten, som berre varte i nokre timar. Rundt fire.
Fekk høyre "The Cunquerors" syngje. Skulen hadde fleire klubbar som elevane kunne vere med i, bla. Korps, raude kors, journalist-, dramaklubben. Dei hadde fleire framføringar med prosesjonar, musikkinnslag og opplesning av dikt. Var ei oppleving å få med seg dette, var noko heilt anna ein typisk haustfest på min internatskule. Minte meg veldig om Ministry skular som ein har sett på tv-seriar, typisk Nrk.

Gudsteneste i Kawangare slummen, utruleg monge flinke kor!

Hejdå!

fredag 5. november 2010

I remind my children to trust in God every morning

Kawangare slummen, copyright Bjørnar.

I dag var vi tilbake i Kawangare slummen, vi køyrte opp til kyrkja og fekk møte igjen nokre av gategutane og dei som jobbar med "Heart to heart" programmet.
Medan vi venta på Moses og James som skulle leie oss igjennom slummen fekk vi god oppvisning av akrobatisk øvelsar. Ein av gategutane, John, tok av seg skorna på føtene og sprang bortover den halvgrøne plenen og kasta seg rundt i ein salto. Plutseleg byrja ein å breake og slå stift bortover bakken. Det var utruleg stilig og vi hadde lite å stille opp med..



Vi blei delt inn i to grupper, James var det som leia mi gruppe. Målet for rundturen var å få oppleve gatene i slummen og fare heim på besøk til nokon. Joshua slo også fylgje med oss og etterkvart kom nokre fleire og holdt fylgje. Fyrst kom vi til ein skule for born som hadde mista foreldra sine på grunn av hiv/aids. Her blei vi møtt av heidundrande song inn i eit lite blekkskur, stappa av skuleungar. Det var eit heilt anna skulekor enn eg var vande med heimafrå, var utruleg gode lyd frå dei, so ja taket kunne ha letta der. Nokre kom fra til benken der vi satt for å presentere seg sjølv på engelsk og framføre eit memorert dikt, regle eller bibelvers. Det gjorde iallfall inntrykk på meg. Borna kunne mange flotte bibelvers utanat!

Etterpå blei vi vist heim til ei av skulejentene. Her blei vi møtt av Mary, ei varme mor som ynskjaoss hjarteleg velkomen inn i det vesle huset sitt. Mary hadde fem born og kvar dag fortalde ho borna sine kor viktig det var å stole på Jesus og ha tru på han. Dette var viktig for at ein skulle kome seg igjennom dagen. Eg blei heilt forundra då ho sa kor inspirerande det var å få oss på besøk, for det var jo ho som hadde mint oss på kor viktig det er å ha tillit og stole på Gud, kvar dag.

I morga skal vi vere med 5 gutar som kallar seg for "The conquerors", deira motto er å fortelje gospelet vidare til ein, altså nå ein, slik at den eine kan nå ein anna igjen osv. Vi skal reise ut med dei på ein jenteskule, mest sannsynleg blir vi delt opp og plassert en "TeFTar" på ei gruppe med ti jenter. Gruppa skal syngje songar og vi må vere klare til å syngje og danse med. "Be prepared to spread the Word of God" er det andre vi som kjem til å skje i morga. So det blir spanande å sjå kva vi blir kasta ut i. Blir nok endå ei oppleving eg seint kjem til å gløyme :)

"Dine lovbod er min eigedom for alltid,
ja, dei gleder mitt hjarta." Sal.119,111


Du, ha det fint so lenge!

onsdag 3. november 2010

Litt bileter





Her kjem litt bileter frå Kawangare, slummen. Det er Aina og Linda frå TeFT gruppa som har tatt desse gode bileta.