No er vi tilbake i Nairobi etter 4 veker i Pokot, godt å endeleg kome fram etter ein 9 timar longe biltur.
Kjekt å treffe folka igjen på tomta her!
Var rart å reise frå Kapenguria i går, følte meg heime der, men godt å kome hit til Scripture mission også.
Den siste månaden har eg opplevd mykje, inntrykka har pressa på og eg har sett og høyrt mykje. Husmøtet i ei lita jordhytte i Kapenguria står ganske sterkt i minne, var minst 14 stykker inne i den lisje hytta. Der blei vitnesbyrd delt, noko blei oversatt. Skjønte at vi tente den same Gud og det var sterkt å sjå kva Jesus hadde gjort med liva deira. Vi song ilag og halve teft-gruppa som var der framførte nokre songar. Det var so spesielt å vere der!
Var ei helg ved Mt.Elgon, grensa til Uganda. Her var vi litt med på ein ungdomsleir. Karen og eg budde i eit veldig flott jordhus, levde ganske primitivt. Fekk kokt varmt vatn til å vaske meg om morgonen, før vi gjekk opp for å ete frukost. Køyrte til ein nasjonalpark på laurdagen, her fekk vi sjå antilope, sebra, sjiraff og nasehorn på nært hold. Klappa nasehornet, dei er so svære! Kjendest ut som å klappe ein uttørka fot. Kjekt å mate sjiraff!
Gruppa blei delt opp og mi gruppe reiste til Anet, longt oppe i fjellet. Blei forundra monge gongar over at vi kom oss opp med bilen, hadde ikkje gått utan firhjulstrekk iallfall. Var saman med ungdommane som var leiarar der, gjekk to turar med dei. Blei vist eit fantastisk utkikspunkt, såg bort til grensa i Maraqwet. Fekk grøne appelsiner frå ein chamba.
Etter ein tur til og ei stund med venting, blei vi vist der vi skulle sove.
Var i afrikansk bryllaup, tydeleg prega av amerikansk tradisjon. Måtte gå ut av seremonien i kyrkja, for det blei so heitt. Nokre av oss satt på ein benke utafor, plutseleg hadde vi 100 born samla rundt oss i ein runding.
Sist helg delte vi oss igjen og var på ungdomsleir i Poole. Ungdommane lærte om hiv/aids på leiren, det var eit av seminara. Rart at det er so sjølvsagt at dei skal lære om det, men det er kjempeviktig. Monge myter som må bli avklarert!
Den andre gruppa kom til oss frå Kasei om kvelden, då viste vi "Jesusfilmen" på Pokot, det var monge som ikkje hadde sett den før. So det var kjekt å sjå det kom so monge.
I morgo er det siste innspurt på undervisning her på tomta før juleferien.
Håpar dykk har ei fine adventstid og at dykk tek tida til å nyte den!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar