fredag 5. november 2010

I remind my children to trust in God every morning

Kawangare slummen, copyright Bjørnar.

I dag var vi tilbake i Kawangare slummen, vi køyrte opp til kyrkja og fekk møte igjen nokre av gategutane og dei som jobbar med "Heart to heart" programmet.
Medan vi venta på Moses og James som skulle leie oss igjennom slummen fekk vi god oppvisning av akrobatisk øvelsar. Ein av gategutane, John, tok av seg skorna på føtene og sprang bortover den halvgrøne plenen og kasta seg rundt i ein salto. Plutseleg byrja ein å breake og slå stift bortover bakken. Det var utruleg stilig og vi hadde lite å stille opp med..



Vi blei delt inn i to grupper, James var det som leia mi gruppe. Målet for rundturen var å få oppleve gatene i slummen og fare heim på besøk til nokon. Joshua slo også fylgje med oss og etterkvart kom nokre fleire og holdt fylgje. Fyrst kom vi til ein skule for born som hadde mista foreldra sine på grunn av hiv/aids. Her blei vi møtt av heidundrande song inn i eit lite blekkskur, stappa av skuleungar. Det var eit heilt anna skulekor enn eg var vande med heimafrå, var utruleg gode lyd frå dei, so ja taket kunne ha letta der. Nokre kom fra til benken der vi satt for å presentere seg sjølv på engelsk og framføre eit memorert dikt, regle eller bibelvers. Det gjorde iallfall inntrykk på meg. Borna kunne mange flotte bibelvers utanat!

Etterpå blei vi vist heim til ei av skulejentene. Her blei vi møtt av Mary, ei varme mor som ynskjaoss hjarteleg velkomen inn i det vesle huset sitt. Mary hadde fem born og kvar dag fortalde ho borna sine kor viktig det var å stole på Jesus og ha tru på han. Dette var viktig for at ein skulle kome seg igjennom dagen. Eg blei heilt forundra då ho sa kor inspirerande det var å få oss på besøk, for det var jo ho som hadde mint oss på kor viktig det er å ha tillit og stole på Gud, kvar dag.

I morga skal vi vere med 5 gutar som kallar seg for "The conquerors", deira motto er å fortelje gospelet vidare til ein, altså nå ein, slik at den eine kan nå ein anna igjen osv. Vi skal reise ut med dei på ein jenteskule, mest sannsynleg blir vi delt opp og plassert en "TeFTar" på ei gruppe med ti jenter. Gruppa skal syngje songar og vi må vere klare til å syngje og danse med. "Be prepared to spread the Word of God" er det andre vi som kjem til å skje i morga. So det blir spanande å sjå kva vi blir kasta ut i. Blir nok endå ei oppleving eg seint kjem til å gløyme :)

"Dine lovbod er min eigedom for alltid,
ja, dei gleder mitt hjarta." Sal.119,111


Du, ha det fint so lenge!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar