tirsdag 9. november 2010

Moja, mbili, tatu




I går hadde vi siste timane med swahili-kurs, var heilt supert å ha Patrick som lærar!
Skulle lære heilt på tampen kva klokka er og klokkesystemet på swahili. Kunne godt hatt mange fleire timar :)

Her regnar det ein god del, så kleda blir ikkje so fort tørre so ein skulle tru. Men, vi er på veg mot sommar no og regnet er ei velsigning. Det er då det verkeleg blir frodig og fint.

Reiste til Kibera slummen (nest største slummen i Afrika) etter lunsj, besøkte ein skule som var styrt av den lutheranske kyrkja. Borna var i alderen frå 3-8 år. Var godt å sjå at lærarane hadde eit so stort hjarte for elevane sine og at dei verkeleg brydde seg om dei. Fekk leike med dei etter at dei hadde ete lunsj, jammen godt at lærerinna kunne oversette leikar som"Haien kommer", men den blei gjort om litt og blei "Simba is coming" istaden for. Etter utallige forsøk på slå på ringen, kom ein fram til at gøyme og leite var litt lettare. Men, det minte meir om ein spesiell versjon av Bolmegfemtifri. Borna byrja plutseleg å springe fram frå gøymestadane og eg klødde meg i hovudet og skjønte lite. Eine gongen skulle eg gøyme meg med 10 born, du kan no tenkje deg kor bra den gøymeplassen var :)

Smakte quesedillas og yoghurt smoothie på Java House, anbefala Dormans og Java house, gode kaffibarar :)

Blei vist rundt på bruktmarknaden, det var tett i tett med buder som selgde skjørt, kjolar, skjorter, sko, belter, vesker, frukt og leiker. Var som ein liten labyrint, med dammar innimellom. Blei longe diskusjonar om ein skulle få ned prisane på skjørta, so dei var ikkje så lette å prute med.

På fredag reiser vi opp til Pokot, då blir det nok endå mindre blogging der.
Gledar meg til å reise opp dit!

Ha ein fine kveld!

3 kommentarer:

  1. Haha!Slå på ringen <3 Håpe du kose deg masse Ingunn! :D

    SvarSlett
  2. Jepp, d va kos :D D gjer ej, tusen takk :) Håpar du me kosar dej mykje og he d berre bra ;)

    SvarSlett
  3. Ingunn, så kjekt at du har blogg, det visste eg ikkje=) No kan vi følge me på den og sjå kva som skjer. Ellers er bildoy.tv oppe og går, viss du vil ha glimt fra Bildøy;)
    Klem

    SvarSlett