tirsdag 26. oktober 2010

African Culture


I dag fekk vi ei innføring i skikk og bruk til den afrikanske kulturen. Veldig lærerike timar med to energiske damer, Charity og Jennifer. Her lærte vi om helsingar og nokre plassar er det ein velsignelse å bli spytta på. Elles om kleskoda og måtar ein blir tatt opp i stamma for å bli vaksen.

Etter lunsj i Kaberien med gode bønner og ris, synest det er ganske så godt :) Me reiste til Hakima på Swahilikurs, læraren vår var fantastisk morosam! Nina itwa, Patrick. Fekk meg ein god latter fleire gongar og datt nesten av stolen. Lærte det grunnleggande med Hei, korleis går det, korleis har dagen din vore, god natt osv. Habari ya mchana? Habari ya leo bibi? Tips til å gjere ein annaleis entre på, du kan banke på døra rope "Hodi, Hodi!" (Hallo, er det noken her?) og svare "Karibu!" (Velkommen, kom inn).

Johanne, Linn, Kristian og eg tusla oss ein tur langs vegen for å utforske området. Mykje traffikk og mykje folk, fascinerande.

Det er ein struts på biletet.
Ha det fint so lenge!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar