søndag 24. oktober 2010

Fyrste helga i Kenya

Fredags morgon 04.30 reiste vi frå Fjellhaug. Etter mellomlanding i Belgia og Uganda kom vi endeleg til Nairobi nærmare ti fredags kveld. Det var herleg å kjenne den søte lukta av afrika! Regnet kom på fredag og vi er inne i den lisje regntida i Kenya. Det blir utruleg frodig og fint når det kjem slike enorme mengder med væske ned.

Fekk fare på besøk til eit norskt par, Gerd og Jostein Holmedal på tomta deira "Villa Vega", som ligg ein time utanfor byen. Det humpa godt på den gjørmete vegen. Vi kosa oss på tomta med ein dukkert i bassenget, lapskaus og himmelsk lapskaus. Var godt då vi samlast til ein andaktsstund med salmesongar som "Han tek ikkje glansen av livet". Eg blei minna på at Gud har sett oss i saman og er heilt unike, som små parafinlampar. Nokre er fargerike og andre er heilt enkle. For å fungere må vi fylle på parafinolje, altså vere fylde av Anden. Bibelskulen som vi er ein del av er Tent For å Tene.

Det er utruleg fint å vere her på huset på Scripture. Var på gudsteneste i dag på engelsk og fekk framføre to songar på norsk. Deretter fekk vi omvisning i ein del av sentrum til Nairobi, ganske annleis å sjå det med eigne auger, den var veldig flotte.
I morga er fyrste offisielle undervisningsdag her, skal få lære meir om misjonsarbeidet i ei av kyrkjene her og det blir spanande.

Elles sprang ein struts rett framfor bilen, såg freiafuglen "Marabou" i Nairobi og eit villsvin sprang også framfor køyretøyet. Jepp, dette er heilt daglegdags med strutsar, villsvin, bavianar og svære freiafuglar langs vegkanten so nærme tettbebygde strøk.
Dette var nokre ord sånn heilt i byrjinga.

Me snakkast! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar