Om ei veke og nokre timar set årets teftarar føtene på afrikansk jord, for nokre er ikkje det fyrst gongen og for andre blir dette ei heilt ny oppleving :)
Sommarfuglane seier sitt og det blir ikkje noko problem med å få med for lite kilo på turen, heller blir det nok tilnærma grensa til kva som er maksimum. Snøven har lagt seg på nipa og elles i fjella, blir litt hardt å forlate snøven. Jaja. Betre lukke neste år.
Er nesten klar til å hoppe ut i dei komande månadane, som kjem til å bli 5 minneverdige månadar, dei blir nok ikkje lette å gløyme. Prøver å hugse alt pikkpakket før eg vender nasa mot Oslo. Ei pakkemaskin hadde vore alle tiders! No blir det informasjons- og innføringsveke før me reiser vidare til Kenya.
Då sjåast me seinare i Nairobi :)
Ha ein fine kveld!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar