lørdag 30. oktober 2010

There's gotta be more to life...

Than chasing down every temporary high to satisfy me..
there's gotta be more.
Than wanting more...

Teksta til Stacie Orrico sin song snurrar bakhovudet. Etter ei veke i Kenya, har ting byrja å forandre seg. Her på Scripture Mission har vi eit fag ut ifrå bok som heiter "Purposedriving life" (Målretta liv av Rick Warren), der Philippe er læraren vår. Dette har fått tankane til å surre i ei litt anna retning enn ein har tenkt før. Det heile starta med Gud, vi er skapt av Gud og er definitivt ikkje tilfeldig kome hit. Tida på jorda er over som ein røyk, det er berre ein drope i det store havet. Kor liten føler ein seg ikkje då? Tenk at Gud er interessert i alt du teke føre deg, alle detaljar som skjer. "Ja, kvart hårstrå på hovudet dykkar er talt." Matt 10,30.
Uansett kor liten ein føler seg eller vekkgøymd, så er ein ikkje uvesentleg i Gud sine auge. Målet er evigheita, kvifor ikkje tenke meir på den?

I morgo er det reformasjonsdagen i henhold til Martin Luther så den anledninga reiste vi til slummen Kawangare og var med på "Reformation sports". Vi fekk ei omvisning på tomta og så blei vi delt inn i lag. Det besto av to lag "Simba" og "Chetaa", Simba va sjølvsagt best :) Fyrste konkurransen var potetsekklaup. Å heie var utruleg viktig! Gaula simba,simba med dei andre ungane på sidelinja. Dette har dykk vel høyrt før, men ja borna var heilskjønne!
Fortsatte konkurransen med volleyball og avslutta konkurransen med den afrikanske versjonen av stolleiken. Du kan ikkje berre springe eller gå vanleg rundt stolane, men du måtte danse deg rundt stolane til keyboardmusikken. Blei fole varme av det iallfall og veldig arti for nokså stive nordmenn.

Å høyre om dei store kontrastane mellom fattig og rik, har ikkje gjort all verda med meg. Men, å sjå kontrastane gjer noko med deg! Eine dagen går ein på kjøpesenteret på butikkar som er mykje finare enn kappahl og lindex heime. Den neste dagen er du med på å få oppleve ein brøkdel av kvardagen til born og ungdommar i slummen. Det gjer låkt inne i heile deg. Leiarane som er der gjer ein fantastisk jobb og det blir spelt mykje volleyball og fotball. Kjempeviktig prosjekt for å få ungdommar vekk frå narkotika og limsniffing.

Kan godt vere med å be for arbeidet som blir gjort.
Kwaheri!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar